EØS – udemokratisk innføring – vegen ut – mobilisering

Erling Folkvords innleiing på møte hos Grünerløkka NTEU laurdag 18. oktober 2018

Eg skal snakke om to fenomen som gjensidig utelukkar kvarandre – EØS og demokrati.
Og litt om å bruke lærdomar frå i går i Nei til EU sitt arbeid i morra.

Jusprofessor Eyvind Smith seier at EØS er: «stikk i strid med alt demokrati og krav om medbeslutning.»

Vi finn ikkje ein farbar veg ut av EØS, utan å sjå detaljert på korleis Norge sa ja til det som «er stikk i strid med alt demokrati.»

EØS er solid, men udemokratisk handverk. EØS «vil i praksis si et økonomisk medlemsskap i EF med fri flyt av varer, tjenester, arbeidskraft og kapital,» sa Jens Stoltenberg – etter at Stortinget hadde vedtatt EØS.

Før Stortingsvalkampen i 1989 var det annsleis. Statsminister Harlem Brundtland og leiinga i Ap sto beinhardt på at forhandlingane mellom EFTA-landa og EU (EF den gongen) var i en «kartleggingsfase». Den skulle vare til 20. oktober, ein dryg månad etter valet. Derfor: Ikkje eit ord om den komande EØS-avtalen i valkampen i 1989.
«Vi kan jo ikke stille tiden frem til 20. oktober og vite hvor vi da står,» sa statsministeren til Aftenposten to veker før valet.

Etter 20. oktober 1989 gjekk det fort. Statsminister Harlem Brundtland ba dei beste folka sine snekre ei juridisk og konstitusjonell nyskaping. Dei arbeidde i det stille. Full diskresjon. Dei starta før EU sjølv hadde utforma den indre marknaden .
Statsministeren gjorde Jonas Gahr Støre til sjef for den norske delen av arbeidslaget. Alt skulle vere på plass i god tid før neste stortingsval. Sluttresultatet fekk det snille namnet Avtale om Det europeiske økonomiske samarbeidsområde. Til dagleg EØS.
Stortinget vedtok EØS i oktober 1992. JA-folka på Stortinget var glade, heilt fram til folkerøystinga i Sveits. Folket sa nei. EØS tolte ikkje ei folkerøysting. Dermed vart det ny avtaletekst, og ny behandling i Stortinget.

Det var så vidt båten bar da Stortinget 29. april 1993 vedtok den endelege EØS-avtalen. Berre to fleire JA enn det som måtte til for å oppfylle grunnlovskravet om tre fjerdedels fleirtal.

Da var det sju veker igjen til Stortinget tok balkampferie. Avtalen skulle ikkje gjelde før 1. januar 1994. Juridisk og konstitusjonelt, var det uproblematisk å utsette avgjerda til etter valet. Ja-fleirtalet på Stortinget gjorde hastevedtak fordi dei var redde for folket. Det kunne bli fleire EØS-motstandarar etter valet.

I 1993 vart eg vald inn i Stortinget frå Rødt (RV den gongen). I det første stortingsmøtet leverte eg forslag om at det nyvalde Stortinget «skal behandle og avgjøre spørsmålet om Norge skal slutte seg til EØS». KrF-leiar Kjell Magne Bondevik hadde eit poeng da han sa at forslaget sådde «tvil om lovligheten» av vedtaket frå 29. april.

Parlamentarisk Leiar i Sp, Johan J. Jacobsen såg annsleis på det: «Det kunne være interessant å få sett om en EØS-avtale ville kunne ha sjanse til å bli vedtatt av dette Stortinget. En votering vil da også for så vidt på en måte bli en test på det» .

Dei fleste EØS-motstandarane støtta forslaget. Da stortingspresidenten las opp ja- og nei-stemmane, hadde EØS-avtalen to færre stemmar enn nødvendig. Slik vart det sjølv om minst to av oss som var for forslaget, stemte feil.
Kort sagt: EØS strauk til den demokratiske testen.

EØS-vedtaket i Stortinget 29. april 1993 var eit kupp. Men ikkje eit statskupp ettersom kuppmakarane hadde fleirtal i Stortinget. Dette var stortingsfleirtalet sitt kupp for å nulle ut folket sin demokratiske rett. Kupp er det motsette av demokrati.
KrF var avgjerande for å få til knapt fleirtal både i oktober 1992 og i april 1993. KrF godtok EØS fordi partileiar Kjell Magne Bondevik sa at han trudde på ein lovnad frå statsministeren om at Vinmonopolet kunnne fortsette akkurat som før. – Få andre trudde på det eventyret.

Berre to år seinare, 13. juni 1995 vedgjekk Valgerd Svarstad Haugland i Stortinget, og på vegne av KrF, at regjeringa hadde narra partiet: «Vi tok eit standpunkt i trua på at dei opplysningane vi hadde fått, var rette. Derfor kan eg veldig gjerne uttrykka vonbrot i dag», sa ho.

Bløff og kuppmetode måtte til for å få EØS vedtatt.

Dette ligg no 20 år tilbake i tid.
Dei partia i Stortinget som er meir eller mindre mot EØS, har i løpet av desse åra vori i regjeringsposisjon. Partitoppane har godtatt inngangsbilletten: Så lenge du er i regjeringa skal du styre Norge innafor dei grensene som EØS fastsett. Den øvrige styringa av Norge skal du overlate til Kommisjonen i Brussel.

Ein ministerpost eller tre var nok til at toppane i Sp og SV godtok dette. Det var nok enklare for V og KrF. Der var det ikkje myke EØS-motstand i behold.

Desse erfaringane må vi ta omsyn til når vi skal stake ut ein farbar veg for å få Norge ut av EØS.
20 år med det Jens Stoltenberg kalla «økonomisk medlemsskap i EU» har forandra Norge og spelereglane i arbeidsliv og næringsliv i så stor grad at det berre er to tenkbare vegar ut:
– Anten samanbrot i EU og oppsplitting av Unionen, eller
– Ei folkeleg motstandsrørsle som er sterkare enn den som vart bygd fram til folkerøystringa om EU i 1994.

Før datoen for folkerøystinga i 1994 vart fastsett, hadde statsminister Harlem Brundtland eit møte med oss som var parlamentariske leiarar i Stortinget. Ho sa at folkerøysting ikkje var ein del av planen hennar. Men utviklinga i nabolanda gjorde at folkerøysting i Norge ikkje var til å unngå. Harlem Brundtland hadde planlagt at EØS-avtalen gradvis skulle forandre Norge slik at JA-sida kunne unngå den folkelege mobiliseringa ei folkerøysting ville føre til.

Det finst ingen snarveg. Før 1994 handla det om å kreve folkerøysting om noko som brått ville forandre Norge drastisk.
No handlar det om å kreve folkerøysting for å kome ut av ein juridisk og konstitusjonell konstruksjon som har forandra Norge kvar dag i 20 år. Det er vanskelegare. For å få oppslutning om dette, må vi mellom anna få med dei fleste av dei som fekk stemmerett etter innføringa EØS. I vaksen alder har dei ikkje opplevd eit EØS-fritt Norge.

Dei som har vori med lengst i Nei til EU, bør samarbeide med ungdom for å utvikle moderniserte versjonar av metodane som vart brukt i dei avgjerande åra før 1994. Og heilt nye metodar.

Nei til EU sin genistrek før 1994 var å flytte EU-spørsmålet vekk frå dei mektige JA-miljøa blant politikarar og organisasjonstoppar i Oslo. Og så flytte det ut til over 430 kommunar og enda fleire lokalsamfunn i Norge. Ja til EU eller Nei til EU kom på dagsordenen i alle slags foreningar og sosiale samanhengar. Dette – og lokalt grunnplanssamarbeid på tvers av ulikt syn på andre spørsmål – gjorde Nei til EU til den sterkaste politiske organisasjonen i Norge.
Eg trur underskriftskampanje for folkerøysting er beste verktyet for å få enkeltpersonar, kvinneorganisasjionar, bedriftsklubbar, fagforeningar og andre lag og foreningar til å diskutere, studere og ta standpunkt. – Først når trykket nedafrå blir sterkt nok, kan vi bevege på dei EØS-tilpassa organisasjonstoppane som i dag er likegyldige.